Kjøp bilde '>
Ærestorping: Ribberennet starta med at Ole Bjørn Tretterud t.v. vart kåra til æresmedlem i Torpo idrettslag. Leiaren i skigruppa, Ola Hefte, saman med overraska og overrumpla rennleiar
Æresmedlem rett før Ribberennet
Rennleiaren vart utropt til æresmedlem i Torpo idrettslag like før løparane gjekk ut frå stadion under Ribberennet.
Ribberennet er årets store romjulsfest på ski i Hallingdal. Tredje juledag hadde 230 skiløparar i alle aldrar og frå alle kantar funne vegen til Liatoppen Skisenter for å få eit avbrekk i julefeiringa og kvitte seg med ribbefeitt.
Rennleiar Ole Bjørn Tretterud hadde heilt andre tankar i hovudet enn å vera hovudperson då han vart ropt fram på skiarenaen ti minutt før start. Der stod leiaren i skigruppa, Ola Hefte, klar til å utrope rennleiaren til æresmedlem i Torpo idrettslag.
– Moro og overraskande
Prisen heng høgt og blir berre utdelt til folk som har gjort ein ekstra stor innsats for idrettslaget. Det kan ein trygt seie at Tretterud gjer og har gjort. Han må ta på seg farskapet til både Showrennet og Ribberennet som har vore årvisse skiarrangement i eit par tiår.
– Dei greidde lure meg, eg ante ingenting før eg fekk beskjed om å koma ut på arenaen like før start. Det var moro og overraskande, seier Ole Bjørn Tretterud.

1 kommentar:
Gratulerer pappa!! Det var VEL fortjent (og jaddi på tide!!)
Legg inn en kommentar