onsdag 31. desember 2008
tirsdag 30. desember 2008
mandag 29. desember 2008
Skigruppa!
Kjøp bilde '>
Ærestorping: Ribberennet starta med at Ole Bjørn Tretterud t.v. vart kåra til æresmedlem i Torpo idrettslag. Leiaren i skigruppa, Ola Hefte, saman med overraska og overrumpla rennleiar
Æresmedlem rett før Ribberennet
Rennleiaren vart utropt til æresmedlem i Torpo idrettslag like før løparane gjekk ut frå stadion under Ribberennet.
Ribberennet er årets store romjulsfest på ski i Hallingdal. Tredje juledag hadde 230 skiløparar i alle aldrar og frå alle kantar funne vegen til Liatoppen Skisenter for å få eit avbrekk i julefeiringa og kvitte seg med ribbefeitt.
Rennleiar Ole Bjørn Tretterud hadde heilt andre tankar i hovudet enn å vera hovudperson då han vart ropt fram på skiarenaen ti minutt før start. Der stod leiaren i skigruppa, Ola Hefte, klar til å utrope rennleiaren til æresmedlem i Torpo idrettslag.
– Moro og overraskande
Prisen heng høgt og blir berre utdelt til folk som har gjort ein ekstra stor innsats for idrettslaget. Det kan ein trygt seie at Tretterud gjer og har gjort. Han må ta på seg farskapet til både Showrennet og Ribberennet som har vore årvisse skiarrangement i eit par tiår.
– Dei greidde lure meg, eg ante ingenting før eg fekk beskjed om å koma ut på arenaen like før start. Det var moro og overraskande, seier Ole Bjørn Tretterud.

onsdag 24. desember 2008
No ere Jul!
God Jul te dikkon alle som er innom sia mi. No ere jul og me ska ikkji gjera noko denna jula......Ja ja litt bi re vel som skjer eks ribberennet 3.dag, med ein liten sammenkomst oppe hos Mona og Kjell om kvelden. 4.dag bi re Jorde-Rally her på farmen og om kvelden bi re årsmøte med 10 års feiring om kvelden. Så følg med utover jula!
Blir jorde-rally her te sundan.. I dag vart løypa laga og me fekk testa bilan litt. Detta bi artig seru.
mandag 15. desember 2008
Valgardena
søndag 14. desember 2008
Hva skjer a?
lørdag 13. desember 2008
Nok ei gøng Emil
fredag 12. desember 2008
Emil
onsdag 10. desember 2008
Pizza
lørdag 6. desember 2008
Fortsatt Østersund
onsdag 3. desember 2008
På plass i Østersund
Abonner på:
Innlegg (Atom)